Produkt oversikt
......................................................................................................................
Etter mange års bruk av tunnelar i vår bærhagar, har vi funne ein del tilpassingar som gjer tunnelane både meir brukarvennlege og sterke mot vær og vind. Enkelte endringar er enklast å definere som praktiske løysingar som ikkje kostar noko ekstra. Andre endringar går enkelt og greit ut på å bruke meir stål i konstruksjonen, både ved å auke godstjukkelsen i stålet, montere legger og bogar tettare enn det som er vanleg, og ved å tiføye nye konstruksjonsmessige endringar.

I desse dagar er vi i dialog med Sintef i Trondheim for å finne endå betre måtar å bygge sterke tunnelar på.

Tunnelane vi tilbyr er;

Arctic standard tunnel
Det mest vanlege valet, passar til grønnsaker og bær under normale værforhold, til sommarsbruk.

Arctic Elite tunnel
Eit sterkare og varmare alternativ, same bruksområde som standard tunnelen, men tåler ein god del vind og snø.

Arctic Extreme tunnel
Denne typen er under utvikling, og vil bli det sterkaste alternativet. Den skal kunne tåle tildels svært sterk vind, og i mange områder kunne stå oppe heile året.

Arctic Regntak
Alternativet for frukt og bær i bratt og vanskeleg terreng, der det er problematisk å montere tunnel.

Arctic Shelter
Er laga spesielt for å kunne nyttast som ekstra "fjøs"-plass i forbindelse med lembing, og som mellomstasjon før lamba skal ut på beite om våren.

Arctic Hobby tunnel
Tunnelar på faste størrelsar, laga som byggesett, og leverast som ferdig pakkeløsying. Egnar seg som hobbyveksthus, garasje, opplagsplass for båt, vedhus med meir.

Arctic Table Top
Stålstativ for dyrking av jordbær. Monterast inne i tunnel, der jordbæra blir dyrka i planteputer som leggast på table top konstruksjonen. I ein tunnel på 1 daa er det plass til om lag 650 meter Table Top.

Dryppvatning og andre driftsmiddlar
Alt tilgjengeleg utstyr finn du på www.hagebutikken.no
DET STERKE ALTERNATIVET
Arctic Tunnel

Create your badge