Tunnel konstruksjonen
..............................................................................................................
Heile tunnelen er konstruert av stålrøyr, av varierande dimmensjonar.

Det fyrste som blir montert er leggane, som vert skrudd ned i bakken. I dei tilfeller ein møter stein eller fjell, blir det grave ut eit hol ned på fast grunn. bora eit hol for kamstål, leggen sveisa fast i kamstålet, og til slutt vert det lagt litt betong i botnen før ein grev på att.

På spesielt værutsette stader er det eitt alternativ å grave ned langsgåande røyr som bind leggane saman, under bakkenivå.

Bogane til tunnelane blir vanlegvis bøygde på byggeplassen, og montert på toppen av leggane.

Vanleg avstand mellom leggane er 220 cm, men dersom tunnelfeltet er utsett for vind, kan ein redusere denne avstanden.

Standard tjukkelse på godset i stålrøyrene er 1,5mm.
For Arctic Alite og Arctic Extreme er godset 2mm.
Alle røyr har ein diameter på 35 og 40mm.

Standard leveranse inkluderer langsgåande stålrøyr på ytterveggane, og 3,15mm ståltråd i taket.
Om ynskjeleg, kan tunnelane forsterkast vesentleg ved å bruke langsgåande stålrøyr på alle vegger og i taket.

I endane vert det montert skråavstivarar mellom dei fyrste 3 bogane, og skråanker til endes for tunnelane.

Tunnelane kan leverast både med og utan dører.
Dører leverast i fleire utgåver, avhengig av funksjon, vindstyrke og pris.

Be oss om meir informasjon ved val av dører.

DET STERKE ALTERNATIVET
Arctic Tunnel

Create your badge