Forskning og utvikling
..............................................................................................................
Arctic Tunnel, med Sognabær og Hagebutikken deltek i mange prosjekt for å utvikle tunnelane og bærproduksjonen.
Vi er aktivt med i fleire prosjekt i regi Bioforsk, Njøs næringsutvikling og Gartnerhallen, i tillegg til eigne prosjekt.
For tiden er vi blant anna med i eit prosjekt der hensikten er å fremje bærproduksjonen i nordatlanteren, det vil seie Island, Færøyane og Grønland.
I samband med dette, blir det mellom anna sett på muligheitene for å styrke tunnelkonstruksjone på ein enkel og kostnadseffektiv måte, for å møte krava til konstruksjonen på dei mest værutsette stadane.
I dette prosjektet samarbeider vi med produsent og forskningsmiljøa i Norge, Island, Færøyane og Grønland, og planlegg ein workshop saman med Sintef, den fremste ekspertisen på vind.
Utfallet og resultata av denne workshopen vil sjølvsagt og gagne alle som skal bygge tunnel, også værutsette plassar langs norskekysten.
Arctic tunnel ynskjer å være heilt i fremste rekkje når det gjeld utvikling av gode tunnelar for alle forhold.