Montering av tunnelfelt
..............................................................................................................
Saman med tunnel-leveransen får du tilsendt ein monteringsbeskrivelse basert på eigenmontering.

Vi har og eigne montørar som kan gjere monteringsarbeidet for deg.

Tunnelane blir vanlegvis levert med trailer, og du må ha traktor med frontlastar klar for lossing av bilen.

Til å skru ned leggane vil du og trenge traktor med frontlastar. Det er viktig at lastaren har tredje-funksjon.

I tillegg vil det være behov for sveiseapparat, stigar, vinkelslipar ved bygginga av tunnelane.

Når plasten skal leggast, bør det være 5-8 personar med på den jobben.
DET STERKE ALTERNATIVET
Montering av vatningsanlegg
..............................................................................................................
Dei fleste vel å montere vatningsanlegga sjølv, og vi lagar gjerne ei skisse på korleis anlegget skal monterast, dersom det er ynskjeleg.
Skissa har bilete av kvar del, og syner på ein oversiktleg måte korleis alt skal skruast saman, del for del.

Om de vil, tek vi gjerne monteringsarbeidet for deg, heilt eller delvis.
Mange vel å montere alt av røyrer og dryppslangar sjølve, medan vi skrur saman sentralen, og sender den ferdig montert.

For dette arbeidet tek vi vanleg timepris.
Arctic Tunnel

Create your badge