DET STERKE ALTERNATIVET
Arctic Tunnel Partner Littau Harvester
......................................................................................................................
Littau Harvester si plukkemaskin for bær har vore nytta verda over i snart 30 år, blandt anna til kirsebær, bringebær, blåbær, bjørnebær, stikkelsbær og mange fleire.
Maskina transporterer bæra opp til ei plattform på toppen av maskina ved hjelp av rulleband, der bæra blir renska og lasta over i kontainer.
Maskina har senkbar plattform bak, som kan setje kontainarane nesten heilt ned på bakken når dei er fulle, og enkelt lossast med traktor.

Plukkemaskina er utstyrt med Kubota diesel motor. Den har traction control og autostyring.

Sognabør kjøpte i 2010 fyrste Littau Harvester plukkemaskina til norsk jord, og har benytta den til noko industriplukking denne sesongen.

Tilbakemeldingane fortel at maskina fungerer godt, den er skånsom mot plantene, men ein bør finne ein sort som er meir egna for maskinplukking enn Glen Ample.
Bæra heng godt fast i Glen Ample, og er vanskeleg å få til å sleppe før dei er svært godt mogne.

Ein sort som kan være aktuell, og som truleg vil bli utprøvd hjå Sognabær frå neste sesong, er Glen Fyne, ein relativt ny skotsk sort.
Den skal ha minst like store bær og avling som Glen Ample, men være betydeleg enklare å plukke. Den har mørkare bær, men noko lågt syreinnhald.

Alle produkta bestiller du på www.hagebutikken.no
Arctic Tunnel

Create your badge